About this role
Sunnylven skule ligg på tettstaden Hellesylt i Stranda kommune. Skulen er ein 1. – 10. skule med SFO ordning og har dette skuleåret 52 elevar og omlag 8 årsverk knytt til undervisning. Skulen er rehabilitert og vi tok den i bruk igjen januar 2022. For perioden frå 1.11.26 til 31.07.26 har vi ledig undervisningsstilling i inntil 80%. 40% av stillinga er fast og 40% av stillinga er eit vikariat gjeldande ut 31.07.2026 Vi søker fortrinnsvis søkjarar som kan undervise i i 3. og 4 . klasse og kan undervise i fag som norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag, naturfag, Krle, kunst & handtverk. Kontaktlærarfunksjon må påreknast. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på Søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort.]f. Offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn 3 månadar).