About this role
Synest du det høyrest spennande ut å arbeide med rehabilitering og i tverrfaglege team?Vi har ledig eit 100 % svangerskapsvikariat som sjukepleiar/spesialsjukepleiar ved Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering i perioden 14.09.2026 til 04.07.2027. Stillinga går i todelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Ein må også rekne med noko arbeid på natt.Sengeposten er ein del av Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering, som i tillegg til sengepost driv ambulante tenester og poliklinikk. Vi tilbyr spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket. Pasientane som får tilbod om spesialisert rehabilitering hos oss, er personar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsetjingar som følgje av skade eller sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraume eller amputasjonar.Hos oss får du vere med og spele ei viktig rolle i rehabiliteringa til pasienten over tid. Du blir ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø med fokus på kompetansebygging og god oppfølging av pasientane. Vi arbeider i tverrfaglege team for å finne dei beste løysingane i lag. Kvar pasient har eit tverrfagleg team rundt seg, som kan bestå av opptil ni ulike profesjonar.Vi søkjer deg som har interesse for å arbeide i tverrfaglege team, og som ønskjer å vere med på å byggje eit fagleg sterkt miljø rundt desse pasientgruppene. Vi ser for oss at du trivst med ein aktiv arbeidskvardag, er strukturert og god til å planleggje. Du er fleksibel og har ei positiv innstilling. Den samla samansetjinga i det tverrfaglege teamet er viktig, og vi legg derfor stor vekt på personlege eigenskapar.Det kan også bli ledig andre stillingsbrøkar og vikariat.Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.