About this role
Om stillingaHaukeland universitetssjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har ledig 27 LIS1-stillingar. Sjukehustenesta er ved Haukeland universitetssjukehus, eit stort sjukehus med alle spesialitetar, og nasjonale, regionale og lokale oppgåver. Kommunehelsetenesta vil vanlegvis vere i våre samarbeidskommuner, som er ulike i både innbyggjartal og utstrekning. Her vil du møte ulike pasientgrupper og problemstillingar avhengig av størrelse og geografisk plassering. Som LIS 1 hos oss får du brei klinisk erfaring, tett oppfølging, supervisjon og rettleiing og blir ein del av eit inkluderande, aktivt og kompetent fagmiljø. Ein bonus ved å bu på Vestlandet er tilgang til fjordar, fjell og kyst, i tillegg til levande byar, tettstader og bygder. Her får du moglegheit for eit variert friluftsliv året rundt, eit rikt kulturliv og inkluderande lokalsamfunn. Vi ønskjer søkjarar som er motiverte for LIS1-teneste ved Haukeland universitetssjukehus og tilhøyrande kommunar, og har interesse for vidare arbeid og utvikling i regionen, i sjukehus eller kommunehelsetenesta.LIS1-teneste ved Haukeland universitetssjukehusHaukeland universitetssjukehus har tre-delt (medisin, kirurgi og psykiatri/rusmedisin) og to-delt teneste (medisin og kirurgi).Du kan lese meir om tenesta og Helse Bergen her.KommunehelsetenesteLIS1 som vert tilsett i Helse Bergen vil få plass i kommunehelsetenesta gjennom avtalar mellom Helse Bergen og samarbeidskommunane.Dei som vert tilsett ved Haukeland universitetssjukehus vil vanlegvis få plass i kommunehelsetenesta i fylgjande kommunar: Askøy kommune, Austevoll kommune, Austrheim kommune, Bergen kommune, Bjørnafjorden kommune, Gulen kommune, Masfjorden kommune, Osterøy kommune, Øygarden kommune.I søknaden ber vi deg:Forklare kvifor du ønskjer LIS1-teneste ved Haukeland universitetssjukehusOppgi kva kommune(r) du ønskjer kommunehelseteneste i, og kvifor. Dersom du er open for fleire eller alle samarbeidskommunane, ber vi deg opplyse om detteForklar kvifor du er interessert i å jobbe vidare i regionen etter LIS1-tenesta, enten i sjukehus eller kommunehelsetenestaOppgi eventuell erfaring som medisinstudent med lisens eller cand.med., inkludert tal på betalte timar (ikkje praksis)Oppgi dersom du har tatt forskarlinja, publisert vitskapelege artiklar eller har erfaring som mentor eller undervisar for andre studentar