Now hiring

Lege i spesialisering del 1 - Voss sjukehus, mars 2027 Helse Bergen HF @ Helse Bergen HF

VossOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillinga Voss Sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har ledig 6 LIS 1 stillingar. Sjukehustenesta er ved Voss sjukehus, eit lokalsjukehus med akuttfunksjonar innan generell kirurgi og indremedisin, ortopedi, generell gynekologi og fødeavdeling. Vi er eit oversiktleg sjukehus med korte avstandar mellom fagmiljøa, og du får arbeide tett saman med erfarne legar og andre faggrupper. Du vil vere ein viktig del av teamet som møter pasientane, og får tidleg ansvar under rettleiing.Kommunehelsetenesta vil vanlegvis vere i våre samarbeidskommunar, som er ulike i både innbyggjartal og utstrekning. Her vil du møte ulike pasientgrupper og problemstillingar avhengig av størrelse og geografisk plassering. Som LIS 1 hos oss får du brei klinisk erfaring, tett oppfølging, supervisjon og rettleiing og blir ein del av eit inkluderande, aktivt og kompetent fagmiljø. Ein bonus ved å bu på Vestlandet er tilgang til storslått natur med fjordar og fjell, i tillegg til levande tettstader og bygder. Her får du moglegheit for eit variert friluftsliv året rundt, eit rikt kulturliv og vere ein del av inkluderande lokalsamfunn.Vi ønskjer søkjarar som er motiverte for LIS1-teneste ved Voss sjukehus og tilhøyrande kommunar, og har interesse for vidare arbeid og utvikling i regionen, i sjukehus eller kommunehelsetenesta.Det er også mogleg å søke på LIS1 stilling på Haukeland Universitetssjukehus, sjå eiga utlysing. Ein har enten LIS1 på Haukeland eller Voss, det er ikkje delte stillingar.LIS1 teneste ved Voss sjukehus Voss Sjukehus har 2-delt teneste mellom Kirurgisk avdeling og Medisinsk avdeling. Medisinsk teneste blir gjennomført ved medisinsk sengepost og i akuttmottak. I tillegg er det mogleg å følge inneliggande pasientar ved ulike prosedyrar. Kirurgisk teneste omfattar ortopedi og gastro/generell kirurgi. Du deltek på visitt, operasjonar og har sjølvstendig poliklinisk aktivitet (ØH poliklinikk, i stor grad ortopediske kontroller). I tillegg hospiterer LIS 1 på anestesiavdelinga (1 veke). LIS1-legar deltek i felles vaktordning i akuttmottaket for medisin og kirurgi, og vaktene i akuttmottak er fordelt mellom LIS1 i kirurgisk og medisinsk teneste. På vakt tek ein imot både kirurgiske og medisinske pasientar uavhengig av avdelingstilhørigheit. LIS 1 kan også bli involvert i gynekologiske/obstetriske pasientar, f.eks. i forbindelse med akutt sectio på vakt. LIS1-lege på vakt er ein aktiv del av traumeteamet. Som LIS1 får du strukturert rettleiing, supervisjon og tett oppfølging gjennom heile tenesta.KommunehelsetenesteDei som vert tilsett ved Voss sjukehus vil vanlegvis få plass i kommunehelsetenesta i fylgjande kommunar: Eidfjord, Ulvik, Kvam, Vaksdal og Voss. Kommunane er ulike i både innbyggjartal og utstrekning, og ein møter ulike pasientgrupper og problemstillingar avhengig av størrelse og geografisk plassering.I søknaden ber vi deg:Forklare kvifor du ønskjer LIS1-teneste ved Voss sjukehus og tilhøyrande kommunarForklare kvifor du ønskjer å arbeide vidare i regionen etter LIS1-tenesta, enten i sjukehus eller kommunehelsetenestaNokre av LIS1-stillingane er tildelte for å bidra til betre rekruttering til allmennmedisin. Søkjarar som er interesserte i desse stillingane, bes gje ei særskild grunngjeving for detteOppgi eventuell erfaring som medisinstudent med lisens eller cand.med., inkludert tal på betalte timar (ikkje praksis). Oppgi dersom du har tatt forskarlinja, publisert vitskapelege artiklar eller har erfaring som mentor eller med undervisning for andre studentar

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores