Now hiring

Ergoterapeut/spesialergoterapeut @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bruke ergoterapifaget der tidleg kartlegging og rehabilitering kan ha stor betydning for pasienten sitt vidare forløp?Seksjon for kliniske støttefunksjonar ved Ålesund sjukehus har ledig 100 % fast stilling som ergoterapeut/spesialergoterapeut frå 01.11.2026.Stillinga er i hovudsak knytt til medisinsk avdeling, der du får ei sentral rolle i oppfølginga av pasientar med hjerneslag, geriatriske og andre medisinske problemstillingar som gir funksjonsutfall. Du vil arbeide tett saman med lege, sjukepleiar, fysioterapeut og logoped, med særleg ansvar for kognitiv og fysisk kartlegging, funksjonsvurdering og tidleg rehabilitering.Arbeidskvardagen er variert og gir stor grad av sjølvstendig fagleg ansvar. Samtidig blir du ein del av eit godt fagmiljø med tett samarbeid mellom ergoterapeutane i seksjonen og med ergoterapeutane ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering.Vi ser etter deg som er fagleg engasjert, trivst i eit tverrfagleg miljø og ønskjer å bidra til å utvikle ergoterapitilbodet ved Ålesund sjukehus.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores