Now hiring

Audiograf @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig 50 % fast stilling som audiograf ved Hørselssentralen, ØNH-seksjonen ved Ålesund sjukehus. Stillinga er ledig frå snarast.Hørselssentralen arbeider med utgreiing, behandling og oppfølging av personar med nedsett høyrsel i alle aldrar. Seksjonen har eit særskilt fylkesansvar for utgreiing og oppfølging av små barn som ikkje passerer nyfødtscreening for høyrsel. Vi har òg eit tverrfagleg team som arbeider med utgreiing av Auditory Processing Disorder (APD).Hos oss blir du del av eit engasjert og kompetent fagmiljø med tett samarbeid mellom audiografar, audiopedagogar og ØNH-legar. ØNH-seksjonen består av fem overlegar og fire LIS-legar. Hørselssentralen har sju audiografstillingar, og ved seksjonen er det òg ei eiga audiopedagogisk eining.Vi tilbyr ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar, høg grad av samarbeid på tvers av profesjonar og moglegheit til å bidra i utviklinga av tenestetilbodet til pasientane våre.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores