About this role
Vil du vere med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av utdanningane innan maskin- og dekksoffiserfaget? Då kan dette vere stillinga for deg! Studiestaden vår i Måløy søkjer ein engasjert og fagleg dyktig medarbeidar til teamet vårt. Med over 2100 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet, og utdannar mellom anna framtidas dekksoffiserar og maskinoffiserar. Fagskulen Vestland har åtte studiestader – frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer vidare på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland for å utvikle framtidsretta utdanningstilbod, både lengre studium og kortare kurs og utdanningar. Studentane våre er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanningane gir ein kombinasjon av praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar med krav til både teknisk innsikt og leiarkompetanse. Avdelinga i Måløy har eit utviklingsorientert og triveleg arbeidsmiljø. Studia er heiltidsstudium over to skuleår. Utdanninga er hovudsakleg lokalisert i Måløy, men stillinga kan krevje undervisning ved andre studiestader. Det er til saman over 60 studentar og 10 tilsette ved avdelinga i Måløy.