Now hiring

Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering @ Helse Møre og Romsdal HF

ÅlesundOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst til å arbeide innan ein spennande spesialitet og samstundes ha ei gunstig vaktordning? Då må du søkje denne stillinga!Vi har ledig svangerskapsvikariat som lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering, med oppstart 26.10.2026 eller etter avtale. Det kan også bli ledig andre vikariat.Stillinga er ved Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering, som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen omfattar ein sengepost med 20 senger, i tillegg til 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppene som får tilbod om døgnopphald, er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsetjingar som følgje av skade eller sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraume eller amputasjonar.Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før og etter innlegging for desse pasientgruppene. I tillegg omfattar seksjonen poliklinikk for fysikalsk medisin, inkludert HelseIArbeid-poliklinikken.Det er tett samarbeid i tverrfaglege team både på sengeposten og i poliklinikken. Legegruppa er ung og framoverlent, og bidreg aktivt til fagutvikling og utdanning av nye spesialistar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møteplassar både på og utanfor arbeidsplassen. Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores