About this role
UTVIDA SØKJARFRIST: 30. august 2026Region Fjordane er det interkommunale politiske rådet for 11 kommunar i Fjordane. Gjennom samarbeid på tvers av kommunegrensene arbeider vi for å styrkje utviklingskrafta i regionen og skape resultat i saker som er viktige for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn. Stad kommune er vertskommune for sekretariatet.Vi søkjer ein ny kollega i ei 100 prosent fast stilling innan kommunikasjon og prosjektoppfølging. Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å kombinere strategisk kommunikasjon med praktisk prosjektarbeid, og som motiverast av å skape resultat gjennom samarbeid. Du vil arbeide tett med kommunane, politisk og administrativ leiing og ei rekkje regionale og nasjonale samarbeidspartnarar. Arbeidskvardagen vil vere variert, med oppgåver som spenner frå kommunikasjon og formidling til prosjektutvikling, koordinering og oppfølging av politiske prosessar.Vi ser etter ein initiativrik og samfunnsengasjert person som ønskjer å vere med på å utvikle Fjordane som ein attraktiv bu-, arbeids- og verdiskapingsregion. Hos oss får du stor påverknad, breitt ansvar og høve til å arbeide med nokre av dei viktigaste utviklingssakene i regionen.Les meir om Region Fjordane her: http://regionfjordane.no