About this role
Ynskjer du å gjera ein skilnad i eldreomsorga? Tenester for heildøgns omsorg søkjer engasjert medarbeider som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Me søkjer helsefagarbeider i 70% fast stilling Oppstart snarast/etter avtaleStillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helgØysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.Som tilsett hjå oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.