Now hiring

Avdelingsleiar maritime fag @ Møre og Romsdal fylkeskommune, Herøy vgs [heroy]

FosnavågOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Herøy vidaregåande skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar frå 1. jaunuar 2027 når ein av våre medarbeidarar går av med pensjon. Avdelingsleiaren vil få ansvar for programområda Martime fag, Naturbruk og Fiske og Fangst. Andre oppgåver som er lagt til stillinga er KS-ansvarlig og å vere koordinator for skulen sitt systematiske HMS-arbeid.Som avdelingsleiar inngår du i rektor si leiargruppe. Du vil ha personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar og vere ansvarleg for avdelinga si faglege utvikling. Du har ein åpen, inkluderande og samarbeidande leiarstil, er oppteken av å skape godt læringsmiljø og gode læringsresultat for skolen sine elevar, og du kan stille deg bak skolen si pedagogiske plattform. Den som blir tilsett må vere motivert for utviklingsarbeid og vere budd på endringar, både i eigen portefølge og organisatorisk.Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:Bygg- og anleggsteknikkHelse- og oppvekstfagNaturbrukRestaurant- og matfagTeknologi- og industrifagHerøy vgs er også privatistskule for Søre Sunnmøre.Skulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores