About this role
Ved Herøy vidaregåande skule er det ledig fast 100 % stilling som fellesfaglærar med faga matematikk og naturfag frå 28.09.26.Herøy vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesfagleg skule som utdannar yrkesutøvarar for regionen og nærmiljøet. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen for at elevane skal oppleve å lukkast i utdanninga. Vi er rundt 250 elevar og eit 60-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:Bygg- og anleggsteknikkHelse- og oppvekstfagNaturbrukRestaurant- og matfagTeknologi- og industrifagSkulen sin storleik gjer at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.