Now hiring

Maskinsjef - region Vestland @ Fjord1 AS

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

I denne stillinga vil du tenestegjere på ulike samband i region Vestland. Du blir ein viktig ressurs som bidreg til kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire fartøy og samband ved behov. Stillinga har fast turnus med 2 veker på arbeid og 2 veker fri, noko som gir ein god balanse mellom jobb og fritid. Som maskinsjef vil du få ein variert og spennande arbeidskvardag med ulike fartøy, ruter og driftsutfordringar. Dette krev at du er fagleg trygg, sjølvstendig og tilpassingsdyktig. Du trivst med nye utfordringar, handterer endringar på ein god måte og evnar å ta raske og gode avgjerder når situasjonen krev det.For å kunne utføre stillinga er det nødvendig at du disponerer eigen bil og bur innan rimeleg reiseavstand til sambanda i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale, og arbeidsgivar dekkjer reisekostnader utover 15 km mellom bustad og arbeidsstad.Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer brei erfaring frå fleire fartøy og samband. Du får arbeide saman med dyktige kollegaer på tvers av regionen, samtidig som du utviklar kompetansen din i eit variert og fagleg spennande miljø.Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande. Vi tilset fortløpande.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores