Now hiring

Sjukepleiar @ Helse Møre og Romsdal HF

HjelsetOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst til å vere ein del av eit sterkt fagmiljø i heilt nye omgjevnadar? No har du moglegheita!Vi søker etter sjukepleiar på Kirurgisk sengepost 1 ved det splitter nye akuttsykehuset på Hjelset. Sjukehuset på Hjelset er ein del av Helse Møre og Romsdal og opna dørene våren 2025. Med topp moderne fasilitetar og pasientforløp i fokus, er vi stolte av å kunne tilby behandling og pleie i eit av landet sitt mest moderne helsebygg. På Kirurgisk/ortopedisk seksjon vil du primært jobbe med ortopedi og urologi, men vi har også ein elektiv femdøgnspost kor du møter eit bredt spekter av kirurgiske diagnosar.Vi søker etter: 2 x 100 % vikarar frå 01.09.26 t.o.m. 30.09.27, med moglegheit for forlenging. Vi oppfordrar også sjukepleiar som ønskjer ein lavare stillingsprosent å søkje.Vi søkjer engasjerte og fagleg trygge sjukepleiarar som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og sikre god pasientbehandling. Hjå oss får du varierte arbeidsdagar med høg fagleg standard og gode moglegheiter for utvikling. Når det gjeld turnus har vi langvakter med inntil 12,5 timars arbeidsdag med arbeid kvar 4. helg, samt vanlege vaktlengder med arbeid kvar 3. helg, dette tilrettelegg vi saman med deg! Dersom du ønsker å bli en del av ei stabil og triveleg arbeidsgruppe med sterkt fokus på samhandling og pasientsikkerheit, da håper vi du vil søkje hos oss!Vi ber om at relevante attester og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad og CV.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores