Now hiring

Strategisk planlegging - nullutslepp @ Vestland fylkeskommune

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du spele ei nøkkelrolle i det grøne skiftet? Skyss skal tilby eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland og bidra til at folk kan klare seg utan eigen bil. I tillegg skal vi sørge for nullutslepp frå transporttenestene våre. Vi har kome langt med elektrifisering av både buss, båt og ferje, og det er stadig nye moglegheiter og utfordringar som må løysast! Vi skal vere pådrivarar for berekraft og sirkulær økonomi gjennom heile verdikjeda, mellom anna ved å stille krav til gjenvinning i bruk og produksjon av transportmateriell. Det viktigaste verkemiddelet vårt er å stille krav om nullutsleppsdrift og dokumentasjon på klimafotavtrykk når vi kjøper inn transporttenestene. Vi treng ein rådgjevar som har god teknisk forståing, erfaring med utviklingsarbeid og anskaffingsprosessar og som har eit hjarte for klima og miljø. I dette arbeidet vil du møte komplekse, tverrfaglege utfordringar og mange aktørar internt og eksternt. Du får viktige oppgåver med stor samfunnsnytte i eit arbeidsmiljø med høg kompetanse og engasjement. Dette er eit vikariat på om lag eitt år.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores