Now hiring

Klubbarbeidar ved Dalen ungdomsklubb @ TOKKE KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

NO094, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Tokke kommune har ledig 20% vikariat som klubbarbeidar ved Dalen ungdomsklubb, frå 01.09.26 til 30.06 - 27 Dalen ungdomsklubb er ein aktiv fritidsklubb for ungdom f.o.m. 8. klasse. Ungdomsklubben held til på Elvarheim ungdomshus, og er open på ettermiddags- og kveldstid: Tysdag, torsdag og fredag. Arbeidsoppgåver * Skape ein god og trygg relasjon med ungdommen * Bidra til aktivitet og inkludering på ungdomsklubben * Enkel kiosk servering/sal * Vere med på enkelte arrangement i eiga kommune eller til nabokommunar. Døme på dette er rusfrie arrangement, konsertar. * Vere med å arrangere sommaraktivitetar i veka etter skuleslutt (heile veka) Kvalifikasjonar* Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar. Andre med relevant bakgrunn kan også søkje. Personlege eigenskapar*Aktiv, trivast i høgt tempo * Fleksibel * Godt humørVi tilbyr * Ein aktiv arbeidskvardag saman med flott ungdom * Eit godt arbeidsmiljø * Gode forsikrings- og pensjonsordningar Andre opplysningar Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest før ein kan ta til i jobben. I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Søknad sendast på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no For meir informasjon, ta kontakt med klubbleiar Tor Øystein Gravdal, tlf. 97 53 98 09. KontaktinformasjonTone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406 ArbeidsstadStorvegen 60 3880 Dalen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 5164040403 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 27.08.2026 Om arbeidsgiveren: Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores