Now hiring

Helsefagarbeidar 100% @ TOKKE KOMMUNE SENTRALADMINISTRASJON

Norway (NO094)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Åheim bufellesskap ligg idyllisk til ved elva i Tokke kommune. Eininga yter tenester til menneske med ulike funksjonsvariasjonar i alle aldrar, både til dei som bur i bufellesskapet og til heimebuande. Her jobbar det vernepleiarar, fagarbeidarar og assistentar i årsturnus med lange vakter. Me arbeider for at tenestemottakar skal ha eit meiningsfylt liv med moglegheitar til deltaking i samfunnet på lik linje med andre. Me har også eit dagsenter/tilrettelagt arbeidsplass som heiter BABU. Motto vårt er; "Me sprer gleder". Der arbeider me med ulike oppgåver som henting og sortering av tomgods, vedproduksjon, vedlikehald av grøntareal, ulike tenestar for kommunen og prosjekt for å spreie gleder i bygda. Arbeidsoppgåver- Praktisk bistand, miljøarbeid, opplæring og rettleiing til tenestemottakar i samsvar med vedtak, lovverk og tiltak - Skape ein trygg og føreseieleg kvardag for tenestemottakar - Planlegge sjølvstendig og ta avgjersler - Følge opp planer, tiltak og IP - Dokumentere i journalsystem - Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre innstansarKvalifikasjonar- Offentleg godkjent helsefagarbeidar - Gode norskferdighetar, snakke, forstå og skrive norsk - Serviceinnstilt og fleksibel - Evne til samarbeid og ha fokus på løysingar - Bidra til innovasjon og utvikling innan helse og omsorg - Bidra til at eininga når sine målsettingar - Førarkort klasse BPersonlege eigenskapar- Positiv som bidreg til eit godt arbeidsmiljø - Har samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar som skaper tryggleik og gode relasjonar - Fleksibel og løysningsorientert - Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert - Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv - Stabil arbeidstakar med god arbeidsmoralVi tilbyr - Eit godt arbeidsmiljø med gode arbeidskollegaer - Spanande og variert arbeidskvardag , med interessante arbeidsoppgåver - God opplæring - Godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling - Gode kommunale arbeidsvilkår - Løn etter avtale - Gode pensjonsordningar i KLP - Ein av Noregs finaste kommunar som arbeidsstad! Andre opplysningar: - Stillinga inneber arbeid i årsturnus med 12-timars vakter og arbeid kvar 4.helg. Om du ynskjer ekstra helger i årsturnus vert dette kompansert med 1500,- pr vakt. Bilkøyring på tilrettelagt arbeidsplass og køyring av tenestemottakar til aktivitetar er ein del av arbeidsoppgåvene. - Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd. - Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak. Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. KontaktinformasjonMay Anette Brattestå Sollie, Avdelingsleiar, +47 48297251 ArbeidsstadIvirovegen 13 3880 Dalen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Tokke kommune Referansenr.: 4969124535 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores