About this role
Vi på Medisin 1 søkjer etter nye sjukepleiekollegaer. Vi har for tida ledig: 1 x 100% fast stilling med langvakter kvar 4.helg, for tida på hjarteseksjonen. 1 x 70% vikariat, nattstilling med langvakter kvar 4.helg, 01.10.26-31.12.27 Å jobbe ved medisinsk avdeling – hjarte og lunge – ved Ålesund sjukehus gir deg høve til å utvikle deg fagleg i eit miljø med høg kompetanse og stort engasjement. Avdelinga har 24 senger fordelt på 3 team, og du blir del av eit arbeidsfellesskap som har pasienten i sentrum og eit sterkt fokus på tryggleik og kvalitet. Her møter du eit variert og spennande sjukdomsbilete, med akutte og kroniske tilstandar. Du får bruke og utvikle din kliniske vurderingsevne, og samarbeide tett med dyktige kollegaer og tverrfaglege team. Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo, faglege utfordringar og gode rutinar – og du får bidra til å gi pasientar trygg og omsorgsfull behandling i ei kritisk fase av livet. Vi kan tilby: 14 dagar opplæring med ein erfaren sjukepleiar Faglunsj annakvar onsdag med aktuelle tema for både hjarte- og lungeteam Hospitering Eigen fagdag for nytilsette sjukepleiarar Vi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team! Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar vere aktuell. Oppgi gjerne kva stilling som er mest aktuell for deg. Arbeidsoppgåver Du møter eit variert og utfordrande sjukdomsbilete innan hjarte- og lungemedisin Klinisk observasjon og vurdering av pasientar med akutte og kroniske tilstandar Behandling og oppfølging, inkludert legemiddelhandtering og respirasjonsstøtte Tverrfagleg samarbeid med legar, fysioterapeutar og andre faggrupper Nær pasientkontakt og omsorg i sårbare livssituasjonar Dokumentasjon og koordinering av vidare behandling Fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og godt kollegafellesskap Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig Trygg i akutte situasjonar og med kliniske vurderingar Erfaring innan hjartemedisin er ein fordel Personlege eigenskapar Empatisk og omsorgsfull Fagleg nysgjerrig og lærevillig Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig Gode samarbeidsevner Kommuniserer klart og tydeleg Trygg i akutte situasjonar Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonInger Kristin Reiten, Seksjonsleiar, +47 70105642, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5161008469 Stillingsprosent: 100, 70% Fast, Vikariat Startdato: 01.10.2026 Sluttdato: 31.12.2027 Søknadsfrist: 27.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal