Now hiring

Helgevakt på C1 Bjørgvin DPS i 14% stilling @ HELSE BERGEN HF BJØRGVIN DPS DØGNBEHANDLING TERTNES

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldriven klinikk i Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken gir spesialisthelsetenester til bydelane Åsane og Arna i Bergen, Osterøy kommune og kommunane i Nordhordland. Seksjon C1 på Tertnes er ein allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 15 sengeplassar, fordelt på 5- og 7-døgnstilbod. Vi behandlar vaksne pasientar med ulike psykiske lidingar og har eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på gode pasientforløp, samarbeid og fagleg utvikling. Vi søker no to helgevakter i 14% stilling: Éi fast stilling med oppstart 1. november 2026 Eit vikariat ut 2026, med moglegheit for forlenging, og oppstart snarast mogleg Stillingane inneber per i dag arbeid kvar tredje helg. Dette kan vere ei svært ettertraktet stilling for deg som er student innan helse- og sosialfag og ønsker relevant arbeidserfaring frå psykisk helsevern. Som helgevakt blir du ein del av det faste miljøet i seksjonen og arbeider saman med erfarne kollegaer frå ulike faggrupper. Det er gode moglegheiter for ekstravakter utover den faste stillingsprosenten, både på vekedagar, i helger, feriar og høgtider. Det vil også vere gode moglegheiter for sommarjobb hos oss sommaren 2027. Arbeidsoppgåver Oppfølging av pasientar i det daglege miljøet Bidra til tryggleik, struktur og aktivitet i seksjonen Samarbeid med kollegaer og ulike faggrupper Praktiske oppgåver knytt til den daglege drifta av seksjonen Kvalifikasjonar Interesse for å jobbe med menneske Gjerne student innan helsefag Moglegheit for å jobbe ekstra i feriar og høgtider Må meistre Norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Er engasjert, positiv og interessert i menneske Er påliteleg og pliktoppfyllande Trivst med å arbeide i team Er trygg og roleg i møte med ulike menneske og situasjonar Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Er fleksibel og lærevillig Vi tilbyr Ein spennande og variert arbeidsplass innan psykisk helsevern Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø Opplæring og samarbeid med erfarne kollegaer Relevant erfaring for studentar innan helse- og sosialfag Arbeid per i dag kvar tredje helg Gode moglegheiter for ekstravakter utover fast turnus Gode moglegheiter for arbeid i feriar og høgtider Gode moglegheiter for sommarjobb sommaren 2027 Lønn etter gjeldande tariffavtale Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonJulie Silver, Ass Seksjonsleiar, 55957118, [email protected] Øyvind Thomassen, Seksjonsleiar, 55957120, [email protected] ArbeidsstadTertnesveien 37 5113 Tertnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5164672329 Stillingsprosent: 14% Fast, Vikariat Startdato: 01.09.2026 Sluttdato: 31.12.2026 Søknadsfrist: 31.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores