About this role
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med omtrent 80 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2026 eit budsjett på 166 millionar kroner, og har ca 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, medan det polikliniske tilbodet går føre seg både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri. Vi søker overlege til allmennpsykiatrisk poliklinikk på Tertnes 🔹Er du ein engasjert overlege som ønsker å bidra i eit sterkt fagmiljø med breitt behandlingstilbod og godt kollegialt fellesskap? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Ved vår allmennpsykiatriske poliklinikk på Tertnes i Åsane har vi ledig stilling som Overlege. Om poliklinikken Poliklinikken ligg sentralt i Åsane, med kort veg til Bergen sentrum. Vi er ein stor og velfungerande eining med eit mangfaldig og spesialisert tilbod. Hos oss finn du: 2 allmennpsykiatriske team DBT team MBT team Angst og depresjonsteamTeam for spiseforstyrringar ROP team Familieteam Nevroteam Søvnteam Traumeteam Akutt ambulant team I tillegg har vi ei spennande gruppeavdeling med samtalegrupper, uttrykksterapi, psykomotorisk fysioterapi, ernæringskonsulent og musikkterapi. Vi samarbeider tett med Knarvik om fleire av dei spissa tilboda. Arbeidsoppgåver Utgreiing og behandling av tilviste pasientar individuelt og i gruppe innanfor eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam Rettleiing og tett samarbeid med andre Forvalting av tvang etter lov om psykisk helsevern Søkers kvalifikasjoner og interesser kan påvirke arbeidsoppgavene Kvalifikasjonar Spesialist i psykiatri Norsk autorisasjon som lege Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du er engasjert og løysingsorientert Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du trivst i eit aktivt og travelt miljø Vi tilbyr Ein spennande overlegestilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse Lønn etter tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonRandi Losnedahl, Rådgjevar, +47 55957014 ArbeidsstadTertnesveien 37 5113 Tertnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5150066648 Stillingsprosent: 60% Fast Startdato: 03.08.2026 Søknadsfrist: 03.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.