About this role
Er du klar for å jobbe 2 veker og nyte 3 veker fri? Fjord1 har no ledig stilling som maskinsjef i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund Arbeidsordninga er 12‑timarsvakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av 3 veker fri. Reise utover 30 km til og fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver. Oppsett ruteproduksjon gir gode moglegheiter for rolege periodar på nattevakt, slik at du kan vere meir uthvilt når du har frivakt i nattveka. Ved behov tilbyr Fjord1 bustad på kaien, berre nokre få steg frå arbeidsplassen. I same område finn du òg matbutikk, som gjer kvardagen enkel og praktisk i arbeidsperioden. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Tilsetjing skjer etter avtale, med ønskje om oppstart snarast mogleg. Arbeidsoppgåver Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Allsidig erfaring som maskinsjef Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt, 3 veker fri. Reise utover 30 km til og fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår! KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected] ArbeidsstedFv49 5414 Stord Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 AS Referansenr.: 5167307775 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 02.09.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.