Now hiring

Matros, Aukra-Hollingsholmen @ FJORD1 AS

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønsker du arbeid i maritim næring, der du samstundes kan bu heime kvar dag? Då har vi stillinga for deg. På sambandet Aukra-Hollingsholmen trafikkerer el-farga MF Norangsfjord. Her blir du ein del av eit dyktig og engasjert mannskap som speler ei nøkkelrolle i lokalsamfunnet. Skiftordninga er to veker på, to veker av. Du går ei veke natt og ei veke dag. I denne ordninga kan man sjå familie og søve i si eiga seng kvar dag, samstundes som man får lengre friperiodar. I tillegg tilbyr vi attraktive velferdsordningar, god pensjonsordning og konkurransedyktige lønnsvilkår. Aukra-Hollingsholmen er eit travelt samband med mange avgånger per dag, så stillinga krev at du er robust og har dei fysiske forutsetningane på plass. Dersom du er ein med interesse for ekstraarbeid i friperioder er det gode moglegheiter for det. Søkar må bu lokalt. Arbeidsoppgåver Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord Alterneringsplikt mellom dekk og maskin Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna Oppgåver knytt til alarminstruks Verne- og miljøarbeid Kundehandsaming Kvalifikasjonar Fagbrev/ferdigheitssertifikat matros, eller nok fartstid til å mønstre som matros er obligatorisk for stillinga Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring (kan ikkje ha begrensningar på fargesyn) Nordiske språkkunnskaper muntlig og skriftleg. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjømannsforbund. Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. Attrakive velferdsordningar. Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av. KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, [email protected] Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5167539281 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.12.2026 Søknadsfrist: 02.09.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores