About this role
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ein av i alt åtte einingar som er organisert under Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS. Avdelinga er akkreditert. Nevro/revma lab er ein av dei analytiske seksjonane og ligg i Gamle hovudbygg. Dei samarbeider med Nevrologisk- og revmatologisk avdeling og tar blodprøvar av pasientar som tilhøyrar avdelingane. Dei utfører blant anna Isoelektrisk fokusering ved bruk av kapillær- Westernblot teknikk og nevroimmunologiske analysar som t.d. gangliosidantistoff og acetylcholinreseptor antistoff, dei fleste analysane er manuelle basert på ELISA og RIA teknikk. Seksjonen har også samarbeid med Nevroimmunologisk laboratorium. Vi har ledig fast stilling som fagbioingeniør med snarlig tiltredelse. Arbeidsoppgåver Dagleg rutinearbeid Fagansvar poliklinikk og preanalyse Fagansvar for nevroimmunologiske analysar - omfang etter avtale Rettleiingsansvar for studentar, nytilsette og andre yrkesgrupper Dokumentbehandling i EK som oppdatering og skriving av prosedyrar Det kan vere aktuelt å delta i innføring av nye metodar og metodevalidering Ein må halde seg fagleg oppdatert innan seksjonen sitt fagområde Andre arbeidsoppgåver og ansvarsområder kan tilkome stillinga ved seinare høve Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør med minimum 2 års erfaring frå medisinsk laboratorium Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med instrument og analyseteknikkar seksjonen nyttar Må kjenna til, og kunne nytta excel Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar blir vektlagde Personlege eigenskapar Evne til å arbeide målretta Kunne arbeide sjølvstendig og i team Engasjert, strukturert og løysingsorientert Gode gjennomføringsevner Fagleg engasjert Vere ein god teamarbeidar og bidra til godt samarbeid på seksjonen Må trivast i eit aktivt miljø Vi tilbyr deg Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar Høgt fagleg nivå Stillinga inngår i 3-delt turnusordning Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonRandi Solheim, Seksjonsleier, 55975119, [email protected] Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074, [email protected] Arbeidsstad 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5164634668 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.