About this role
Rus- og avhengigheitsklinikken ( RAK) t reng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar. Rus- og Avhengighetsklinikken har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga har ein LAR avdeling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene. Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er organisert i 5 geografiske seksjonar, samt ei seksjon med tilbod om heroinassistert behandling (HAB). Kvar seksjon er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar. LAR har ansvar for substitusjonsbehandling med LAR-legemiddel, samt psykososial behandling og rehabilitering av pasientar. Vi har eit stort fokus på å tilby LAR pasientar integrert behandling og rehabilitering i samarbeid med kommune og DPS. Trongen for behandling er stor og pasientane treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete. Vi har ledig følgande stillingar: * LAR Laksevåg har ledig to faste 100% stillingar som sjukepleiar eller vernepleiar som behandlar med tiltreding 1. november. Arbeidstida i LAR er dagarbeid og kvar 4. eller 8. laurdag. For å oppretthalde samansetjinga i personalgruppa blir menn oppmoda om å søke. Arbeidsoppgåver Som behandlar i LAR har ein ansvar for heilhetleg oppfølging og behandling til eit gitt tal pasientar Poliklinisk oppfølging Ambulant oppfølging av pasientar utanfor poliklinikk Ein vil arbeide i tverrfagleg team med psykolog, lege, sjukepleiar, vernepleiar og sosionom der ein tar sentral del i utarbeiding og gjennomføring av plan for behandling Aktiv deltaking i pasienten si ansvarsgruppe, der 1.linjeteneste og DPS er sentrale samarbeidspartnarar Sikre forsvarleg utdeling av LAR legemiddel Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Ønskeleg med erfaring innan LAR eller innan fagfelta rus/psykiatri, gjerne i spesialisthelsetenesta Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad Du må kunne tole menneske med høgt lidingstrykk og krevjande kommunikasjonsuttrykk Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad Personlege eigenskapar Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid Du har gode kommunikasjonsferdigheiter Du har god skrifteleg formidlingsevne for journaldokumentasjon Du har evne og vilje til å inngå i langvarige og krevande behandlingsrelasjonar til pasientar Vi tilbyr Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse og regelemssig internundervisning Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid Ein utfordrande og lærerik kvardag med fokus på fagleg utvikling Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonIngvild Solli Hegland, Seksjonsleiar LAR Laksevåg/Fyllingsdalen, 98842474 ArbeidsstadDamsgårdsveien 227 5160 Laksevåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5166718910 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.09.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.