Now hiring

Sjukepleiar @ Haram kommune

VatneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som sjukepleiar. Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustader 2, avdeling Solbakken bukollektiv. Stillinga er ledig frå 1. oktober 2026, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg. Solbakken bukollektiv er ei underavdeling til Haram bustader 2. Solbakken består av bukollektiv for vaksne, samt avlastning. Basen til butenesta ligg i Brattvåg. Oppmøte kan difor enkelte dagar vere på basen i Brattvåg, for medikamenthandtering og andre møte. Som sjukepleiar på Solbakken vil du jobbe i eit tverrfagleg team i lag med dyktige miljøterapeutar og andre med helsefagleg bakgrunn.Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN, og dette skal no implementerast ut i dei andre avdelingane i Butenesta.Haram kommune er oppteken av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores