About this role
PPT Kvam er organisert i eining for Oppvekst saman med skule, barnehage, barnevern, helsestasjon og skulehelsetenesta og familiesenter. PPT er også ein del av Kvam Familie- og Læringssenter (KFL) der dei tenestene som jobbar med born og unge er organiserte saman. Målet med samorganiseringa er å betra det tverrfaglege arbeidet mellom dei kommunale hjelpetenestene for barn og unge i Kvam. PPT er i dag ein sentral aktør i organisasjonsutvikling og systemarbeid i barnehage og skule. Me har eit tett samarbeid med skular og barnehagar og er mykje "ute i felten" og jobbar på lågterskel gjennom gode støttesystem der PPT er aktivt til stades både i barnehage og skule. Kvam herad har ein ny oppvekstplan som skal vera vår rettesnor i arbeidet dei neste åra. Ved PPT Kvam arbeider ei personalgruppe med høg kompetanse som varetek PPT sine oppgåver i høve opplæringslova og barnehageloven. PPT har no ledig ein todelt 100 % fast stilling som logoped/PP-rådgjevar i PPT.