About this role
Vi har ei ledig 100 % stilling som fagarbeidar i Mona barnehage/Bakkelidgrenda barnehage. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, vert tilsetting av assistent vurdert. Vi treng og tilkallingsvikarar og vikarar for kortare periode. Det kan vere aktuelt å tilsetje lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget om det er nokon som vurderar å ta fagbrev. Mona barnehage har seks avdelingar og ligg sentralt på Sandane. Våre satsingsområder er mellom anna språk, friskliv og tidleg innsats. Bakkelidgrenda barnehage er ein liten barnehage lokalisert på Vereide med to avdelingar med fokus på uteaktivitet. Den eller dei som vert tilsett må rekne med å kunne arbeide begge stader i løpet av barnehageåret. Barnehagen er sertifisert som Trafikksikker barnehage og Miljøfyrtårn.