About this role
Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?Kvam herad søkjer etter to fastlegar ved Helsebanken legekontor i Øystese frå snarast. Me har også ledig eit 6 månaders vikariat ved Norheimsund legekontor frå mars 2027 i samband med at ein av legane skal gjennomføra sjukehusteneste. Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 11 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta.Helsebanken legekontor ANS ligg i Øystese og er ein veldriven 6-legepraksis i moderne lokale i Hardangerbadet. Alle legane ved kontoret er spesialistar i allmennmedisin, og du vert ein del av eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap.Norheimsund legekontor ligg sentralt i Norheimsund og er eit kommunalt legekontor med 5 legestillingar - både avtalar om næringsdrift og fastlønn med insentivordning.