Now hiring

Lege i spesialisering i radiologi, faste stillingar og vikariat @ Helse Bergen HF, Radiologisk avdeling

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om stillingađŸ„ Har du lyst til Ă„ jobbe med avansert bildediagnostikk pĂ„ eit av landets leiande universitetssjukehus med moderne fasilitetar? ⛰Vil du utforske dei 7 byfjella, ta turen opp FlĂžyen eller Ulriken, og samtidig nyte det pulserande kulturlivet i Vestlandets hovudstad?đŸ‘©â€âš•ïžâ˜ąïžđŸ©» Ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, har vi no ledig 2 faste stillingar og 2 vikariat i eit Ă„r, for engasjerte og framtidsretta LIS 2/3-legar som vil vere med Ă„ forme morgondagens bildediagnostikk. Tiltredelse etter avtale. Vikariat kan tene som del av spesialistutdanninga.Vi er eit inkluderande fagmiljĂž med hĂžgt fokus pĂ„ trivsel, fagleg utvikling og akademiske moglegheiter. Hos oss fĂ„r du ei framtidsretta og grundig utdanning i radiologi, med hĂžg grad av autonomi og tryggleik i vaktsituasjonar, slik at du kan utvikle deg fagleg pĂ„ best mogleg mĂ„te. Vi legg til rette for fleksibilitet, til dĂžmes fordjupingstid heime.Som LIS hos oss fĂ„r du brei erfaring. Du roterer mellom alle seksjonar kvar sjette mĂ„nad, slik at du fĂ„r variert praksis og eit sterkt fagleg grunnlag. Er du ny i radiologi? Vi sĂžrgjer for ein trygg start med ein strukturert opplĂŠringsperiode pĂ„ 12 veker fĂžr du blir ein del av vaktordninga.đŸ€–Kunstig intelligens (KI) er pĂ„ full fart inn i radiologien. Nokon fryktar kanskje at KI vil overta heilt, og at radiologar i framtida vil bli overflĂždige. Dette er langt frĂ„ sanninga, men radiologar som kan nytte seg av KI vil i framtida erstatte radiologar som ikkje kan nytte seg av dette. KI vil kunne bidra til raskare diagnostikk, fĂŠrre rutineoppgĂ„ver og ein meir spennande arbeidskvardag. Hos oss fĂ„r du kompetansen du treng for Ă„ mĂžte den digitale revolusjonen innan bildediagnostikk – ei utvikling som er godt i gang!For fast stilling gjeld: Etter fullfĂžrt spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Les meir om korleis det er Ă„ jobbe hos oss

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores