About this role
Vestland fylkeskommune skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å skape gode og framtidsretta løysingar, der ein tilpassar infrastruktur til eitklima i endring, reduserer utslepp og tek vare på naturmangfald. Avdeling for infrastruktur og veg arbeider for trygge kvardagsvegar. Etter at vi fekk innvilga klimasatstilskot frå Miljødirektoratet søker vi etter nokon som vil jobbe i ei 1-årig prosjektstilling for å arbeide med å utvikle ei digital løysing for rapportering av klimagassutslepp for fylkesvegprosjekt.