About this role
Stranda ungdomsskule og vaksenopplæring er ein 8-10. skule med ansvar for grunnskuleopplæringa for om lag 130 elevar. Skulen ligg i Stranda tettstad og var ferdig totalrenovert våren 2013.Strandahallen er ein kommunal idrettshall i full storleik, handballbane og tribuner. Hallen er av eldre årgang, garderobeanlegget vart rehabilitert i 2013.Vi har ledig vikariat som reinhaldar:100% stilling ledig frå 1. september 2026 - 31. desember 2026. Vikariatet kan bli forlenga.Gjensidig oppseiingstid på 1. månad.Primært ynskjer vi tilsetting i 100% stilling, men stillinga kan eventuelt delast på fleire personar. Opplys i søknaden kva stillingsstorleik du søkjer på. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle kandidatar kan bli innkalla til intervju. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.