About this role
Vi søkjer etter sjukepleiarar i følgjande stillingar: 100% fast stilling, for tida i turnus på dag/kveld. Stillinga består i hovudsak av langvakter, og har arbeid kvar 4. helg. 69,01% fast stilling, for tida i turnus på natt med arbeid 3. kvar helg. Det kan vere mogleg å auke stillingsprosent noko ved å jobbe todelt. Stillingane er for tida på Haram omsorgssenter. På Haram omsorgssenter har vi korttidsavdeling og langtidsavdeling. Sjukepleiarane er organisert i stab, og har lang og god erfaring med denne arbeidsmetoden. Det er tett samarbeid i sjukepleiargruppa, og med øvrige faggrupper. I Ytre Haram omsorgsdistrikt er nattevaktene organisert i eit natt-team. Det er tett og godt samarbeid mellom heimetenesta og Haram omsorgssenter, med 2 sjukepleiarar og ein helsefagarbeider planlagt i turnus. Ein arbeider som eit team, med klar arbeidsfordeling på vakter. Kommunalområde Helse- og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og å gi gode tenester til tenestemottakarane. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.