Now hiring

Overlege med ansvar for LIS-utdanning @ Helse Fonna HF

HAUGESUNDOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og forme framtidas LIS-utdanning i Helse Fonna?Som koordinerande utdanningsansvarleg overlege får du ansvar for å utvikle og kvalitetssikre LIS-utdanninga i Helse Fonna. Du blir eit viktig bindeledd mellom fagmiljøa, leiinga, utdanningsutvalet og regionale samarbeidspartnarar – og får påverke korleis vi legg til rette for ei heilskapleg og fagleg solid spesialistutdanning.Utdanning er ei av kjerneoppgåvene i spesialisthelsetenesta. Helse Fonna har ansvar for det faglege innhaldet og den praktiske gjennomføringa av spesialistutdanninga for legar i føretaket. Målet er at legar i spesialisering skal få utdanningsløp med høg fagleg kvalitet, god progresjon og føreseielege rammer.Du skal leie Helse Fonna sitt utdanningsutval for legar i spesialisering og representere føretaket i det regionale utdanningssenteret RegUt. Gjennom samarbeid med fagmiljø i og utanfor Helse Fonna bidreg du til å vidareutvikle utdanninga både lokalt og regionalt.👉 Vil du bruke erfaringa di til å forme gode utdanningsløp for framtidas legespesialistar? Då håpar vi du søkjer.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores