About this role
Vi søker deg som har eit ønske om å vere med å utvikle innhaldet i Helseplattformen for spesialisthelsetjenesten i Midt-Norge. Målet er å bidra til at løysninga blir meir tilpassa dei ulike spesialitetane sin arbeidsflyt og behov.Gjennom kurs og sertifisering til enten Physician Builder eller Clinical Content Builder i Epic, vil du lære grunnleggande ferdigheiter for å konfigurere utvalgte deler av løysningen. Desse ferdigheitene vil du vidareutvikle i eit team saman med andre kliniske byggarar, samt mentor frå Helseplattformen AS.Kursa som blir arrangert av Epic er virtuelle, og vil bli gjennomført på ettermiddag/kveld. Kursa går på engelsk. Ein vil få høve til meir avanserte byggekurs.Kliniske byggarar er regionalt finansiert og jobber i ulike stillingsprosent. Nokon vil ha ansvar for spesifikke områder og spesialitetar. I denne stillinga vil du bli tilsett i avdeling for E-helse og teknologi. Du vil ikkje bygge spesifikt for éin klinikk eller spesialitet. Dette krev at du har evna til å vere fleksibel med tanke på å samarbeide med grupper av sluttbrukarar innanfor fleire ulike deler av spesialisthelsetjenesta.