Now hiring

Vikariat lærar @ Time kommune

BryneOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vikar lærar Hognestad skule, Time kommune Time kommune har, hausten 2026, ledig eit vikariat i 100% stilling som kontaktlærar på mellomtrinnet ved Hognestad skule - snarast - t.o.m 22.12.26. Søknadane blir behandla fortløpande. Skulen ligg i landlege omgjevnader ca 5 kilometer sør frå Bryne. Skuleåret 2026-2027 har me 53 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Skulen har eigen idrettshall som er aktiv i bruk på dag og kveldstid. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitet i friluft. På Hognestad er foreldra og lokalmiljøet opptekne av skulen sin, og deltek med engasjement i samhandling med skulen. Hognestad skule sine utviklingsområder er lesing, rekning, engelsk og motivasjon. Målet er at alle elevane skal oppnå sitt høgaste potensiale, og at elevane skal vera aktive i undervisninga og i eiga læring. Leik på tvers av trinn er ein av våre styrkar. Skulane i Time er ein del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Hognestad skule er i nettverk saman med Bryne skule, Orre skule, Tu skule og Varhaug skule. På Hognestad skule har alle elevar og tilsette personlege læringsbrett som verktøy for å forsterka læring. Trinntid og teamtid vert brukt til refleksjon og deling med fokus på læring.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores