About this role
Har du lyst på ein spanande, givande og fagleg utfordrande jobb? Velkomen til oss som jordmor ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal! Vi har ledig 1 vikariat som jordmor med oppstart frå snarast.Føde/barsel SNR har årleg i overkant av 700 fødslar, og stor aktivitet. Vi har godt arbeidsmiljø og eit godt tverrfagleg samarbeid. Vi har akkurat flytta inn i eit nytt, topp moderne fellessjukehus på Hjelset.Sjukehuset SNR er eit av tre sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen er plassert i Avdeling for kirurgi og føde, og er ein kombinert sengepost for føde og barsel. Vi er sertifisert som ein mor/barn vennleg seksjon (sist re-sertifisert i 2021), og arbeider etter retningslinene som ligg i "Eit trygt fødetilbod". Vi tilbyr ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Vi har kun familierom slik at begge foreldre kan bu saman under barseltida. Av smertelindring under fødsel tilbyr vi mellom anna jordmor tilstade under heile forløpet, massasje, akupunktur/akupressur, dusj/badekar, pudendalblokade og epidural analgesi. På poliklinikken har vi oppfølging både av gravide og barselkvinner etter tidleg heimreise.Vi er eit tverrfagleg team i ulik alder og erfaringsgrunnlag, her kjem du til å passe godt inn enten du er nyutdanna eller erfaren.Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din søknad. Søknader vil bli vurdert fortløpende.