About this role
Vi på Medisin 1 søkjer etter nye sjukepleiekollegaer. Vi har for tida ledig:1 x 100% fast stilling med langvakter kvar 4.helg, for tida på hjarteseksjonen.1 x 70% vikariat, nattstilling med langvakter kvar 4.helg, 01.10.26-31.12.27Å jobbe ved medisinsk avdeling – hjarte og lunge – ved Ålesund sjukehus gir deg høve til å utvikle deg fagleg i eit miljø med høg kompetanse og stort engasjement. Avdelinga har 24 senger fordelt på 3 team, og du blir del av eit arbeidsfellesskap som har pasienten i sentrum og eit sterkt fokus på tryggleik og kvalitet.Her møter du eit variert og spennande sjukdomsbilete, med akutte og kroniske tilstandar. Du får bruke og utvikle din kliniske vurderingsevne, og samarbeide tett med dyktige kollegaer og tverrfaglege team. Arbeidskvardagen er prega av høgt tempo, faglege utfordringar og gode rutinar – og du får bidra til å gi pasientar trygg og omsorgsfull behandling i ei kritisk fase av livet.Vi kan tilby:14 dagar opplæring med ein erfaren sjukepleiarFaglunsj annakvar onsdag med aktuelle tema for både hjarte- og lungeteamHospiteringEigen fagdag for nytilsette sjukepleiararVi håpar du vil bli ein del av vårt engasjerte team!Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar vere aktuell. Oppgi gjerne kva stilling som er mest aktuell for deg.