Now hiring

Varhaug skule har ledig eit 100% vikariat som kontaktlærar på 7. trinn frå 1.9.2026 til 25.11.2026 @ Employer

NO0A1, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Frå hausten 2026 har Varhaug skule 420 elevar, fordelt på 1. - 7. trinn, og me treng ein lærar med relevant utdanning i engelsk, kroppsøving og musikk. Me er om lag 60 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Vår visjon er "Me løfter kvarandre". I det ligg blant anna at me gjer alt me kan for at skulen skal vera ein god arena for utvikling for kvar enkelt, både små og store. Meir informasjon om skulen på www.ha.no/var . Me søker deg som er - Ein tydeleg klasseleiar - Ein autoritativ vaksen - Engasjert og deltakande i elevane si faglege og sosiale utvikling - Flink til å skapa gode relasjonar og tryggleik - Kan arbeida sjølvstendig, og samtidig ha evne til samarbeid med andre Kvalifikasjonar - Godkjent lærarutdanning - Personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt - Personar med anna relevant kompetanse vert og oppmoda til å søkja Attestar og vitnemål Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format , saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no ) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Politiattest Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding. Tilsetjingsvilkår Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar! Tilgjengelighetserklæring

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores