Now hiring

Bli leiar i tannhelsetenesta @ Vestland fylkeskommune

UlsetOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.Tannhelsetenesta i Vestland er ein stor og kompleks verksemd med brei fagkompetanse, spesialistfunksjonar, gode forskingsmiljø og med eit sterkt førebyggjande fokus. Samla bidreg dette til gode folkehelse i fylket vårt. Avdelinga har omlag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og kompetansesenteret TkVestland.God leiing av klinikkane er avgjerande for å sikre drift, effektiv ressursbruk og trygge arbeidsmiljø. No søkjer vi etter tre nye klinikkleiarar som vil vere med å styrkje oppdraget vårt gjennom engasjerande og framtidsretta leiing. Hesthaugen klinikkområdeDu får ansvaret for Hesthaugen tannklinikk med 17 tilsette. Klinikken held til i nærleiken av Åsane terminal, med god kollektivtilkopling.Arna klinikkområdeDu får ansvar for Arna tannklinikk og Osterøy tannklinikk som til saman har 20 tilsette. Arna tannklinikk ligg sentralt plassert i Øyrane torg med kort veg til togstasjon, medan Osterøy tannklinikk er samlokalisert med Osterøy vidaregåande skule i Lonevåg, om lag 40 minutts køyring frå Bergen. Klinikkleiar sin faste kontorstad er lokalisert på Arna tannklinikkNordhordland klinikkområdeDu får ansvar for tannklinikkane i Eivindvik , Manger, Lindås og Nordhordland med til saman 33 tilsette. Klinikkleiar sin faste kontorstad er lokalisert på Nordhordland tannklinikk i Knarvik. Som klinikkeleiar for eit av desse klinikkområda, får du ei rolle der du tek vare på menneska og bidreg til å utvikle gode, trygge og moderne tenester for dei som treng oss aller mest.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores