About this role
På Nortura sitt anlegg i Førde styrkjer vi no teknisk avdeling med ein ny industrimekanikar. Her blir du ein del av eit solid fagmiljø med brei kompetanse og lang erfaring, der vi saman jobbar for stabil drift og kontinuerleg forbetring av produksjonsanlegget. Om teknisk avdeling Teknisk avdeling består av eit allsidig fagmiljø med brei kompetanse innan fleire fagområde. Her finn du fagkompetanse innan mellom anna kjøleteknikk, automasjon, mekanisk vedlikehald, elektro, røyrarbeid og sveising. Kvardagen er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald, feilsøking og forbetring av tekniske anlegg. Fabrikken har ei rullerande teknisk vaktordning, og vi legg til rette for kurs og vidareutdanning som bidreg til å styrkje den samla kompetansen i avdelinga. Arbeidsoppgåver Vedlikehald og reparasjon av produksjonsutstyr og mekaniske installasjonar Feilsøking på maskiner og prosessutstyr Utskifting og tilpassing av mekaniske komponentar Bidra i ombyggingar, modifikasjonar og tekniske forbetringar Tett samarbeid med produksjon og andre fagmiljø for å sikre stabil drift Vi ser etter deg som har Fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav Erfaring frå industri er ein fordel, men ikkje eit krav Erfaring med bruk av PC og digitale verktøy i arbeidssamanheng Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Serviceinnstilt haldning og gode samarbeidsevner Interesse for å lære nytt og utvikle deg fagleg Førarkort klasse B Vi kan tilby Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver Gode moglegheiter for fagleg utvikling Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår Svært gunstige pensjons- og forsikringsordningar Kantine og treningsrom Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta verksemd Den som blir tilsett må gjennomføre konsernet sitt HMS- og hygieneopplæringskurs. Søknader blir vurderte fortløpande. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Nortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av over 17.000 norske bønder over hele landet. I Nortura jobber vi hver dag for matglede, helse og bærekraft og er stolte over å bidra til at det blomstrer i norsk matproduksjon. Vi omsetter årlig for om lag 23 milliarder kroner og skaper store verdier for Norge. Nortura Førde er ei moderne næringsmiddelbedrift med om lag 100 tilsette. Anlegget driv med slakting av storfe, gris og småfe, og er Nortura sitt største skjereanlegg for småfe. I tillegg har vi ei stor ullavdeling. Vi arbeider etter Lean-metodikk, der kontinuerleg forbetring står sentralt for å sikre god dyrevelferd, HMS og effektiv drift.