About this role
Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då er TkVestland noko for deg!Vi har ledig 100 % fast stilling som tannhelsesekretær TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode.Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilvist frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell.Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 11 moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi rundt 40 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde.