Now hiring

Vegteknolog @ Vestland fylkeskommune

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Med våre over 6 000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5 547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1 988 bruer, 30 ferjesamband.Avdelinga vår, Infrastruktur og veg, skal sikre ein framtidsretta infrastruktur. Målet er å betre samband internt i regionen og sørge for gode kommunikasjonar mot resten av landet.Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.For å styrke vårt vegteknologiske fagmiljø på geo- og skredseksjonen, søkjer vi no etter ein dyktig vegteknolog. Du vil bli ein sentral person når vi skal realisere nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar.Geo og skredseksonen består i dag av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag fire geoteknikarar, seks ingeniørgeologar, ein vegteknolog og ein DAK-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen.For denne stillinga vil kontorstaden vere Bergen. For kvalifiserte søkarar kan Leikanger og Voss kan vere aktuelle kontorstader.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores