About this role
Vil du ha ein variert arbeidskvardag der du møter mange ulike menneske og bidreg til at pasientane får eit trygt og godt møte med sjukehuset?Felles akuttmottak i Haugesund tek kvart år imot om lag 20 000 pasientar frå alle fagområde, inkludert barn. Som helsesekretær er du ofte blant dei første pasientar og pårørande møter. Du får ei viktig rolle i mottak, registrering og pasientflyt – i tett samarbeid med helsesekretærar, sjukepleiarar og legar.Du blir ein del av eit triveleg og engasjert team med fem helsesekretærar, tre faste legar og rundt 70 sjukepleiarar. Arbeidsdagane er varierte, og tempoet kan vere høgt. Derfor legg vi stor vekt på trivsel, godt samarbeid og eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter og arbeid kvar tredje helg. 👉 Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då håpar vi du vil søkje!