About this role
Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Aukra - Hollingsholmen, p.t MF Norangsfjord.Her får du ein familievenleg turnus med mykje fri, der du går 2 veker på 2 veker av. Dagveke og nattveke. Som skipsførar er du ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga krev at du er løysningsorientert og likar å arbeide operativt. Du arbeider tett med mannskapet om bord og med administrasjonen på land for å ivareta stabil drift på sambandet. Fjord1 er eit framtidsretta selskap med moderne fartøy og fokus på miljø og teknologi. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, gode pensjonsordningar og attraktive velferdsgoder. Søker bør bu innan rimelig avstand fra sambandet.