Now hiring

Ledig fast stilling som nattevakt @ Bømlo kommune

BremnesOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie på nattestid? Då kan du vere den nattevakta me ser etter ved avdelinga korttid og rehabilitering (KOR). Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter (BBH) har ledig stilling på natt for sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg.KOR er ei aktiv og tverrfagleg avdeling med høg fagleg kompetanse og stor variasjon i pasientgruppa. Pasientane kjem frå sjukehus eller heimen for kortare eller lengre opphald, som kan vere kartlegging, rehabilitering, avlastning, korttidsopphald eller palliativ behandling. Avdelinga har 10 korttidsplassar, 5 rehabiliteringsplassar og 1 lindrande seng, og samarbeider tett med lege, heimeteneste, ergo- og fysioterapitenesta.Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit miljø der samarbeid, fagleg utvikling og pasientomsorg står i sentrum. Me har eit godt samarbeid med dei andre avdelingane ved BBH på natt. Sjølv om stillinga organisasjonsmessig er lagt under KOR, så må ein pårekne å arbeide på alle avdelingar på BBH.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores