Now hiring

Kommuneveterinær @ Kinn kommune

FlorøOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kinn kommune søker ein engasjert veterinær til ei variert stilling med forvalting innan landbruk på dagtid og deltaking i klinisk veterinærvakt i kvelds- og helgevaktordning. Stillinga kan tilpassast etter kompetanse og ynskjer,Kinn kommune ynskjer å styrke veterinærdekninga i vaktdistriktet. Det er difor beslutta å ansette ein veterinær. Stillinga vil bli på dagtid i veka som ansatt i kommunen. Ein må og inngå i vaktordning med turnus 1 dag i veka og kvar 4 helg. Denne delen er finansiert av statlege midlar og det er eit krav for å bli ansett i kommuneveterinær stillinga at ein skal gå i vaktordninga. Kinn kommune har ansvaret for klinisk veterinærvakt i Kinn vaktdistrikt som omfattar Søre Kinn, Søre Bremanger og Naustdal (Sunnfjord kommune). Ein må difor påberekne ein del køyring i vaktordninga.Kommunen sitt oppdrag innan landbruksforvaltninga er å ta vare på landbruket, miljøet og naturgrunnlaget, og vi skal levere gode tenester og vere ein god samfunnsutviklar. For å gjere dette treng vi dyktige og motivert medarbeidarar. I kommunen har vi om lag 150 søkarar av produksjonstilskot og dei viktigaste landbruksproduksjonane er mjølk, kjøt og grovfor. Hjorteforvaltning er viktig i Kinn og det vert felt over 1000 dyr kvart år i kommunen. Kinn kommune er ein av dei mest mangfaldige kommunane i landet og her finn ein det meste av urbane tenester, trivelege bygder og ein natur som spenner frå storhavets bølgjer til mektige brear i det indre. Moglegheitene for friluftslivet er utømelege. Kommunen er med over 17 000 innbyggarar ein av dei største i Vestland fylke, og byane Florø og Måløy er administrasjonssenter.Stillinga er med kontorplass Florø og ligg til landbruk under avdelinga arealforvaltning og byggesak. Avdelinga har 22 tilsette og eit godt arbeidsmiljø

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores