Now hiring

Assistent på helg @ HELSE BERGEN HF HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter endt opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern. Ved PAM har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM er ein lukka post med 9 sengeplassar i kvar etg. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. Vi har no ledig faste helgestillingar med arbeid pt på dag/kveld. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå Arbeidsoppgåver Ivareta kvar enkelt pasient Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling Planlegge og sette i verk miljøtiltak Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving Pårørandearbeid Praktisk arbeid Kvalifikasjonar For sjukepleiar/ vernepleiar/ hjelpepleiar er det krav om norsk autorisasjon Studentar innan helsefag Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel Må ha grunnleggande IKT-kompetanse Må meistre norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, så som evne til samarbeid Ansvarsbevisst Interesse for sjukepleie som fag Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Bidra til eit godt arbeidsmiljø Pasientorientert Gode kommunikasjonseevner Ha respekt for kvar enkelt pasient Vere ein god teamarbeidar Serviceinnstilt Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå Rettleiing Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift) Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonVemund, Assisterande seksjonsleiar, 55956460, [email protected] Anja Marie Engh, Seksjonsleiar, 55956412, [email protected] ArbeidsstadSandviksleitet 1 5036 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5159186822 Stillingsprosent: 15% Fast Startdato: 01.09.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores