Now hiring

Spesialsjukepleiar/sjukepleiar @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du ein innovativ og utviklingsorientert spesialsjukepleiar/sjukepleier med erfaring med barn, som er engasjert i kvalitetsforbetring, digitalisering og vidareutvikling av framtidas polikliniske tenester? Då kan kanskje denne stillinga vere noko for deg! Vi har nemleg no ledig ei 80% fast stilling som spesialsjukepleiar/sjukepleiar ved Poliklinikk barn og ungdom Volda og Ålesund. Oppstart etter avtale. Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus. Tilsette i seksjonen er samansett av spesialsjukepleiarar, klinisk ernæringsfysiolog, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene. Det kan vere moglegheit for kombinasjonsstilling ved sengeposten for høgare stillingsprosent. Arbeidsoppgåver Sjukepleiefagleg oppfølging av barn og ungdom innan fagområda onkologi, gastroenterologi og nevrologi Koordinering og oppfølging av behovsstyrt poliklinikk, inkludert pasientkontakt, vurderingar og oppfølging etter gjeldande rutinar Vere ein sentral samarbeidspartnar for legar innanfor aktuelle fagområder, og bidra til heilskaplege og koordinerte pasientforløp Pasient- og pårørandeopplæring, rettleiing og støtte knytt til sjukdom, behandling og meistring Delta i vidareutvikling av polikliniske tenester, kvalitetsforbetring, digitalisering og oppgåveglidning Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar for å sikre gode pasientforløp Utføre andre relevante oppgåver i seksjonen etter behov Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Ønskeleg med relevant vidareutdanning Erfaring og kjennskap til pasientgruppene innan barnemedisin Ønskeleg med erfaring frå forbedringsarbeid Vi forutsett at søkar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing Personlege eigenskapar Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit hos barn, ungdom og pårørande Du har gode samarbeidsevner og trivast med tverrfagleg samarbeid Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta Du er fleksibel og handterer variasjon i arbeidsoppgåver og arbeidsbelastning Du er innovativ, utviklingsorientert og motivert for å bidra til kvalitetsforbetring og utvikling av tenestene Du tek ansvar, viser initiativ og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. KontaktinformasjonIngvill Hareide, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5156287543 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 21.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores