About this role
Søk jobb hos oss og bli ein del av eit triveleg arbeidsmiljø i Aukra kulturhus. Dette kan vere den perfekte jobben for deg som er student, ønskjer ei ekstra inntekt eller ein jobb med fleksibel arbeidstid. Symjebassenget har ope alle vekedagar og er ein viktig møteplass for folk i alle aldrar. Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, glad i menneske og tek ansvar for at gjestene våre får ei trygg og god oppleving. Arbeidsoppgåver: Sørge for at våre gjester til ein kvar tid opplever anlegget som trygt, reint og triveleg Sikkerheit i symjehallen, garderobar og fellesområde Om nødvendig utføre livredning og førstehjelp Utføre reinhald og vedlikehald Sal av billettar Krav til søkjar: Gode symjeferdigheiter Gjennomført livredningskurs er ønskeleg. Om ikkje får du gjennomført kurs før oppstart. Grunnleggande datakunnskapar Søkjar må ha fylt 18 år Særskilte krav: Det vert stilt krav om politiattest Prøvetid: Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd. Søkarliste: Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge. Søknad sendast: Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" Søknadsfrist: 17. august 2026. Tiltreding: Etter avtale Kontaktperson : Anne Jorunn Sandøy tlf. 9590705 Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Kulturavdelinga utfører tenester innafor arbeidsfelta ungdomsarbeid, folkehelse, rus- og kriminalitetsførebyggande arbeid, idrett og friluftsliv, frivilligsentral, kulturskole, bibliotek, samt kulturformidling og lokalhistorisk arbeid. Viktige samarbeidspartar for tenestene er alle som engasjerer seg som frivillige, det frivillige kulturlivet og einingane i kommunen. Kultur har delt drifta inn i ni ulike sjølvstendige fagområde. Den store bredda i fagfelta vert utnytta som ei styrke i utviklinga av kulturfeltet i kommunen.