About this role
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Divisjon psykisk helsevern har ledige stillingar for lege i spesialisering i vaksenpsykiatri eller for legar i behov av sideutdanning. Er du interessert i å spesialisere deg i vaksenpsykiatri? Er du ALIS og ønsker sjukehusteneste innen vaksenpsykiatri? Ønsker du vaksenpsykiatri som sideutdanning i eit anna spesialistløp? Vi lyser nå ut to faste stillingar for LIS i vaksenpsykiatri ved Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus. I vår divisjon satser vi på kontinuerleg utvikling av spesialistutdanninga, og at den skal halde høg kvalitet, i tråd med helsedirektoratets krav og samfunnets forventningar og behov. Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Vi kan tilby teneste ved mange ulike læringsarenaer, og LIS får dekt alle utdanningskrav i vaksenpsykiatri. Som LIS i psykiatri hos oss vil du oppleve eit velorganisert og sømløyst utdanningsløp der det blir lagt til rette for at du skal få oppnådd alle læringsmål utan forseinkingar. Dette ivaretas gjennom: Ein felles rotasjonsordning i divisjonen Oppfølging av kvar LIS med to møtepunkt per rotasjon Deltaking i 21-delt vaktordning Vekentleg undervisning, både felles og i grupper Vekentleg psykoterapirettleiing frå første semester Vekenjtleg klinisk rettleiing Vekentleg fordjupingstid Tilrettelegging for deltaking i nødvendige kurs Alle LIS blir tilsett på divisjonsnivå, i same seksjon. Seksjonen blir leia av seksjonsleiar i 100% stilling, og har også utdanningsansvarleg overlege i 50% stilling. Det er til saman 32 LIS 3 stillingar. Divisjon psykisk helsevern har ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern, og har organisert sitt kliniske tilbod i seks klinikkar. Både barn og vaksne er ein del av vår målgruppe. Læringsarenaene for spesialiteten vaksenpsykiatri er ved både sjukehusavdelingar og Distriktspsykiatriske sentre (DPS) i Bergensområdet. Verksemda inneheld både akuttmottak, ambulerande team, poliklinikkar, dagavdelingar og sengeavdelingar. Divisjonen har ein stor forskingsavdeling, og det er mogleg å velje forsking som del av utdanninga. Det vises for øvrig til vår Utdanningsplan for ytterlegare informasjon om utdanningsløpet hos oss. Legar i behov av sideutdanning får tilpassa etter gjeldande utdanningskrav for den spesialiteten dei følger. Oppstart i stillingane er tenkt 01.03.2027, men vi er opne for å avtale anna oppstartstidspunkt. For fast stilling gjeld: Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist. Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggast ved søknaden. Det er krav om politiattest ved tilsetting, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7. Søknadar utanom Webcruiter vil ikkje bli behandla. Arbeidsoppgåver Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar på spesialistnivå (sjukehus/DPS) Forvakt i 21-delt vaktordning, som er knytt til Psykiatrisk akuttmottak (PAM) Ta del i undervisning, kurs og rettleiing slik spesialiseringsreglane i psykiatri krev Kandidatar i sideutdanning vil få moglegheit til å følge kurs som er nødvendige for eigen spesialitet Kvalifikasjonar Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS stilling i psykiatri Vi ønsker oss legar med særleg interesse for psykiatri Du har god fagleg vurderingsevne Det er ein fordel med erfaring frå arbeid innan psykiatri og/eller forsking Den som søker må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Vi legger vekt på at du er motivert og personleg eigna for å arbeide innanfor psykisk helsevern Du har evne til å møte menneske i krise profesjonelt og empatisk, også dei med utfordrande åtferd Du har eit tydeleg engasjement for fagfeltet og evner å vere med og utvikle behandlingstilbodet vidare Som person tåler du å stå i krevande situasjonar over tid Du er god på å jobbe i tverrfaglege team og har vist vilje og evne til samarbeid i tidlegare arbeidsforhold Du har evne til å arbeide strukturert og målretta og har høg arbeidskapasitet Du har oversikt, og evner å prioritere riktig når det er travelt og mange oppgåver samtidig Vi tilbyr Ei tilrettelagt spesialistutdanning, der utdanning blir prioritert Du blir ein del av ei stor og engasjert LIS-gruppe med godt fag- og arbeidsmiljø Rotasjonsordning som sikrar at den einskilde kandidat får allsidig erfaring frå alle relevante tenesteområde innan spesialiteten psykiatri Moglegheit for å forske som ein del av spesialistutdanninga Lønn iht til gjeldande overeinskomst Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonIngrid Andersen Moe, Seksjonsleiar, 92610704, [email protected] Tone Smith-Sivertsen, Overlege, [email protected] ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5157279772 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 30.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.